Gratis hogst av gran

 

I området mellom Vaset og Sørre Trøllhøvd kan du hogge granved og juletre gratis

Attgroinga gjer at viddene våre snart er skogdekte. Området mellom Vaset og Trøllhøvd ynskjer vi skal vere fritt for granskog i framtida. Alle som vil, kan difor gratis hente seg granved og juletre innanfor området avgrensa med svart strek på kartet. Dette er eit prøveprosjekt inntil vidare i samarbeid med Vestre Slidre allmenningsstyre.

Slik reserverar du juletreet: Bruk sumaren/hausten til å finne deg små og store juletre. Merk juletreet med namn/årstal og hent det til jul! NB! Du må gjerne ta med deg fleire juletre!

Last ned informasjon med kart