Jaktprøver

 
 

Jaktprøver/treningssamlinger osv kan man søkje om å avholde i allmenninga. Dette er fordelt på 4 haust - og 3 vinter terreng.

Søknad om vår og haust - terreng må sendast til fjellstyre på epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no innan 25. Oktober året før. Ca starten på november vert terreng tildelt aktuelle søkjarar, og alle vert tilskrive om dei har fått/ikkje fått ynskja dato/terreng.

Ved søknad vert følgjande styrande for tildeling:

  1. Storleik på arrangement (dvs. talet på deltakarar)

  2. Faste arrangement i ein årrekke gjev noko prioritering

  3. At det er eit open arrangement/terminfesta (eks. ikkje berre for klubbens medlemmer)

Etter oppsamla tildeling i November, vert seinare søknader vurdert fortløpande, men i utgangspunktet gjeld styringsprinsippa for tildeling også her. Dersom spesielle tilhøve, som t.d. frist for innsending til terminliste osv gjer det naudsynt å endre søknadsfrist, kan dette endrast.

Vanlege vilkår ved tildeling av terreng er følgjande:

  1. Prøvedato: frå – til

  2. Areal: Presisering av hvilke terreng en får tilgang til

  3. Slepp: Kun 2 hundar lause på same tid.

  4. Retur: Deltakarane skal følgje partiet under prøva. Dersom ein representant frå klubben følgjer dei tidlege utslegne deltakarane tilbake til parkeringsplassen, er det tillate at ei gruppe kan forlate partiet. Retur langs veg blir rekna på lik line med retur i terrenget.

  5. Rapport: Klubben pliktar å sende inn rapport til fjellstyret fyrste måndag etter prøva.

  6. Pris: Kr 160 pr. dag pr. startande hund, det sendes regning etter arrangement.

  7. Klubben pliktar å orientera Mattilsynet om jaktprøva etter gjeldande lovverk.

  8. Deltakande hundar skal ha gyldig bevis for aversjonsdressur hund/sau i beitesesong (gjeld haust)

Det er plass til minst 10 ekvipasjar i kvart terreng. Fjellstyret ynskjer å fylle opp kvart terreng før ein evt får fleire terreng, som er eit innspel til kor mange terreng den einskilde arrangør bør søkje om. Dette til info.

Kartoversikt: høst terrreng

Kartoversikt: vinter terreng