Trekning - Orrfugljakt - frist 14.04.2024 kl 23:45

Trekning av orrfugljakt er take bort frå Inatur.no, og det gjennomføres eit prøveprosjekt med digitalt trekning i eigen regi. Dette er vanleg blant fleire fjellstyrer, og er noko Vestre Slidre har gjennomført i alle år før 2015.

Alle søkjer via følgjande link (siste frist: 14.04.2024 kl 23:45):

SØKNAD - TRYKK HER

MERK: dette gjeld utanbygdsbuande, og kvoter m.v. vert tilsendt etter taksering er gjennomført og det er fatta vedtak om jakt - tidleg september.

Vilkår:

NB: Jegere som fekk jaktkort i fjor i september, stiller bakerst i søknadskøen i år. Det er så mange som søkjer, slik at dei som får ett år, vert ikkje prioritert påfølgjande år. (gjeld berre trekning, og ikkje sal av enkeltkort i oktober)

Merk: Orrfugljakt er berre tillatt i 3 definerte felt. Kortet gjeld alle 3 felta, men ikkje utanfor dette.

Det er IKKJE tillatte for èin jeger å registrere fleire søknader hos oss.  Doble søknader blir sletta. Men det er mogleg å søkje ein gong på småviltjakt, og ein gong på orrfugljakt då dette er 2 adskilte korttypar - men det kan ikkje påreknas å få kort både på orrfugl og småvilt. I prøveperioda for dette nye opplegget er det ikkje mogleg å søkje som jaktlag.

Dei som vert trukke ut får ein e-post om dette. Du får ein frist til å takke ja/nei og den må overhaldast. Du får kun ett tilbod. Hvis du ikkje får eit tilbod blir du ståande på venteliste. Vi tildeler videre fra denne ventelista hvis nokon takker nei til tilbudet sitt. Pass på at e-post og telefonnummer er korrekt utfylt slik at du får dei beskjedane du skal ha. Vi legg og ut på vår hjemmeside når trekning er foretatt. Ved søknad samtykker du til at trekningslister kan bli lagt ut på heimesida.

Du må ha løst jegeravgift før du får tilsendt jaktkortet. Jaktkortene er personleg, og kjøpte jaktkort vert i utgangspunktet ikkje refundert.

NB ! «Ved eventuell fredning av orrfugl, kan inntil 75% av innbetalt jaktkortpris refunderes innen varslet frist"